Kunstutstilling v/ Ingelin F. Olsen

I sommar er vi så heldige å få stille ut bilete laga av den lokale kunstnaren Ingelin F. Olsen. Kunstutstillinga kjem til å vere i kjellaren på hotellet, og er open i restauranten sine åpningstider. Utstillinga opnar 1. juni, samtidig som vi har sesongopning av restauranten, og kjem til å vere open ut juli. Denne dagen er det også kaidag i regi av Ytre Sogn Kystlag på Sandalskaia, og pubkveld med quiz hjå oss på kvelden.

Ingelin F. Olsen er ein lokal kunstnar frå Eivindvik i Gulen. Ho teiknar med penn, tusj, kull eller pastellkritt, og målar med akryl. Bileta hennar varierar etter kva stemning ho er i. Om våren og sommaren lagar ho bilete med fargar, mens om hausten og vinteren lagar ho dystre bilete med få fargar. Motiva er ofte menneske eller natur. Ho har teikna og måla sidan ho var lita, og det har vore ein koseleg hobby, men også ein måte å komme seg gjennom vanskelige tider på. Nokre av bileta er prega av depresjon og angst, og kunsten har vore ein måte for ho å bearbeide dette og uttrykke seg på.

Sjå arrangementet delt på vår Facebook-side Eivindvik Brygge for ein liten smakebit på kva du kan vente å sjå på utstillinga.

Me gler oss!

Maria Håvåg