Velkommen til Eivindvik gjestehamn
Gjestehamna har to flytekaier med lengder 40 og 35 meter, i tillegg til kaifront for større båter og bunkring.
Her finn du strømuttak og sanitæranlegg med vaskemoglegheiter.
Hamna ligg godt skjerma for vær og vind.
Betaling via GoMarina og Vipps.
Hamneleige for 2023-sesongen:
frå 100 kr for inntil 20 fot, til 270 kr for over 51 fot
60 kr for straum i inntil 1 døgn
Matbutikk
I sjølve hamna ligg også daglegvarebutikken i Eivindvik, Spar Eivindvik. Sparbutikken har eit godt utval av daglegvarer, utvalg av jernvarer, gåveartiklar, fiskeutstyr og båtutstyr. Den inneheld også post, bank, tipping og apotekutsalg. Opningstider er måndag til laurdag kl. 09:00-18:00. I fellesferien kan opningstider verte utvida til kl. 20:00.
Drivstoff & ladestasjon
Det er bensin- og dieselpumpe på kaia, med moglegheit for å fylle tanken på både båten og bilen. Det er også ladestasjonar for bil på kaia.